Etter å ha skrevet om adaptasjon frå songtekst til musikkvideo og analyse av musikkvideoar, bestemte eg meg for å gå nærmare innpå dette emnet. Dermed gjekk eg for problemstillinga med den fengande tittelen "Rockevideoen lesen som litteratur."
For å finne svaret på problemstillinga, vil eg først gå nærmare innpå historia til rocken og musikkvideoen. Deretter vil eg vise eit par eksemplar på analyse og tolkning av musikkvideoar, og kva eg har fått lest ut av desse. Musikkvideoane vil då vere Foo Fighters sin musikkvideoen The Pretender (USA) og Queens Of The Stone Age med No One Knows (USA).
For å presentere emnet, har eg tatt i bruk denne bloggen, med innlegg, bilete og videoar.
For å finne informasjon om emnet mitt, måtte eg leite etter mykje informasjon på nettet. Temaet er ganske nytt, så det var ikkje mange bøker som handla direkte om det eg ville vite meir om. Eg brukte mykje informasjon henta frå heimesidene til banda, men leita også vidare etter informasjon i bøker og på andre nettstader. Det var viktig å få fleire synsvinklar på emnet, og derfor gjorde eg litt research om regissørane av musikkvideoane, generelt om rock og om historia til musikkvideoar. Eg såg i tillegg mykje på musikkvideoen og i norskbøkene Tema VG1, Tema VG2 og Tema VG3 for å finne informasjon om tekniske ting og hjelpemiddel i videoar.
Etter å ha funnet informasjonen eg trengte, gjekk eg gjennom infromasjonen grundig, for å sjå om det eg fann var påliteleg. Deretter valgte eg ut det eg meinte var nødvendig å ha med. I tillegg til dette analyserte og tolka eg både musikkvideoen og songen. Dette gjorde eg for å kunne presentere arbeidet med meir solid informasjon.
Elles kan du sjå nærmare på kildelista mi om du vil lese meir om emna.
(Ved å trykkje på ord med raud farge, vil eit nytt vindauge åpnast. Til dømes http://rockevideo.blogg.no)
Rock Før eg går nærmare i oppgåva, er det viktig vel å vite kva sjangeren rock eigentleg er? Rock er ein musikksjanger som ofte bruker instrumenta elektrisk gitar, bass gitar og trommer, i tillegg til ein vokalist.
1940-1950 Sjangeren byrja i 1940-1950-åra. Det var dei "farga" sine rytma og blueslåter som inspirerte andre, og etter kvart enda det med at dei "kvite" gjorde coverversjonar (tok ein song som allereie eksisterte og gjorde det om til sitt "eige") og fekk meir popularitet enn dei svarte. Dette var også tida då Elvis Presley slo igjennom.
1960 I 1960-åra blei det ei blanding av både den tradisjonelle rocken med blues, folk og jazz. Musikken solgte ikkje like mykje som før. Dermed måtte plateselskapa tenke nytt, og såg derfor etter unge og vakre folk som kunne spille snillare rockemusikk. Dette førte til at sjølve musikken blei mindre viktig, og utsjånad meir i sentrum. The Beatles kom også rundt desse tider, med sitt glade humør, fokus på gitar og fleirstemt song. På grunn av vietnamkrigen blei hippi-tida utvikla. Hippiane protesterte mot krigen og samfunnet generelt, der bodskapen var "make love not war." Dei hadde ein eksperimentell musikk, og i 1969 gjekk woodstok festival av stabelen, ein utandørskonsert med ein halv million menneske besøkande. Denne konserten har ryktet på seg for å vere den fredelegaste festivalen nokon sinne.
1970 Etter hippiperioda kom 1970-åra med subsjangera som softrock, glamrock, heavy metal, hard rock, progressiv rock og punk rock. Nå kom musikken med eit heilt nytt volum og lydbilde. Image var prega av skinnklær, langt hår, skrekkeffekter og religiøse symbol. Led Zeppelin, Black Sabbat og Deep Purple var nokre av desse artistane. Etter kvart kom også symfonirocken som bestod av syntheseizers, improvisasjon, "unormale" taktartar og stilar. Her blei også rocken mykje meir avansert, slik at dyktige musikarar også kunne spele. Rocken blei allsidig, og ga derfor undergrupper som klassisk/elektronisk rock, progressiv rock og psykedelisk rock. Det er blitt sagt at rocken frå 1970-åra er blitt grunnlaget for dagens popmusikk. Glamrocken kom også, der alt anna enn sjølve musikken var det viktigaste.
1980 I 1980-åra blei artistane brått opptekne av å gi til dei mindre heldige. Dermed vart Live Aid gjennomført i 1985, dette fordi artistane meinte at politikerane ikkje viste ansvar i forhold til menneskerettane. Deretter dukka kanalen MTV opp, som står for Music Television. Kanalen sendte musikkvidoer døgner rundt, og på grunn av dette begynte artister verkeleg å satse på musikkvideoer. Rocken fortsatte å blande seg med andre stiler, og dermed dukka både hardrock, punkrock og alternativ rock opp. Den norske musikken opplevde også ein stor popularitet, med De Lillos, Jokke og Valentinerne og A-ha, der sistnemnde oppnådde stor internasjonal suksess. Men i denne tida dominerte dessverre menn, og kvinner sleit med å slå igjennom. Dette førte til ein sterk kvinnekamp, noko Madonna utnytta.
1990 Så kom 1990-åra, der grunge, britisk pop, indierock og metal dominerte. Oasis var dei store innanfor britisk pop, og gruppa, i tillegg til mange andre på den tida, fortalte openlyst om rusmiddelbruket deira. Ein del oppløyste band gjorde comeback-turnear, medan andre prøvde seg på "unplugged", der dei spelte på instrument utan forsterkere. Grunge-bølgja dukka også opp, der Nirvana var svært viktig. Bandet klarte å sprenge alle rekorder for kva eit alternativ band kunne selje, men eventyre slutta brått då Kurt Cobain døde. Punken fekk også ei ny blomstring, med band som Bad Religion og Offspring.
2000 Vi entrar år 2000 og musikken begynner å bli grensesprengande der moderne teknologi blir hyppig brukt. Den alternative rocken held fram med å eksperimentere med andre sjangera medan dei held fast på sitt særpreg.
1920: Allereie på 1920-åra var regissørar som Oskar Fishinger og Lee De Forest ute med musikalske kortfilmar. Det var ikkje lenge etter at Walt Disney kasta seg på same bølja, med animerte filmar som var bygga rundt musikk. Eit eksempel på dette, er Silly Symphonies frå Walt Disney.
1940-1950: Vidare i 1941 kom USA med ein forbetra utgåve av jukeboxen (eit apparat som speler musikk), der dei klarte å tilføre korte videoklipp saman med musikken. Knapt eit tiår seinare byrja musikken, spesielt Rock'n'Roll å finne vegen til Hollywood, der musikken fekk endeleg vere med i ein rekke filmar. Mest kjent for dette er The King, Elvis Presley, der han kombinerte yrka skodespelar og musikar.
1960-åra: I 1960 byrja artistane sakte, men sikkert, å lage korte promontional filmar, noko The Beatles gjorde hyppig. Dei starta først med å spele live i filmen deira "A hard day's night", og fortsette derfrå med promo-clips til songane deira Paperback Writer, Rain, Penny Lane og Strawberry Fields Forever. I dette tiåret kom også britane med ein ny form for musikk-TV, med populære musikkshow som Top of the pops og Ready! Steady! Go!
1970-1975 Bruken av promo-clips eksploderte nærmast i løpet av 1970-tallet. Plateselskapa oppdaga kjapt verdien av desse promo-clipsa, og byrja å produsere dei slik at dei kunne få speletid på TV. ABBA fekk ein rekke promo-clips og slo dermed kjapt igjennom. I 1975 kom musikkvideoen Bohemian Rhapsody, som blir sett på som byrjinga på den moderne musikkvideoen, og var ein av dei første til å bruke avanserte, visuelle effektar.
1980: Så kom 1980-åra då videokameraet utvikla så høg kvalitet at "kven som helst" kunne lage musikkvideoar billig. Det var også på denne tida det blei populært å lansere ein musikkvideo med ein singel, noko som er ein sjølvfølgje nå til dags. Nå skjedde det også ein ny "vri" i musikkvideoane, nemleg å legge til ei enkel handling. Enkelte artistar var til og med så vågale at dei ikkje dykka opp sjølve i videoane, noko som var svært nytenkande.
Då MTV vart vekka til live: 1981 var eit stort år for musikkvideoen, då MTV (Music Television, ein kanal som sender musikkvideoar) blei lansert og då ein Grammy blei for første gong delt ut til ein musikkvideo. (Michael Nesmith med sin musikkvideo Elefant Parts). I 1984 blei også konseptet for musikkvideoar forandra for alltid, grunna Michael Jackson sin musikkvideo, Thriller. Dette fordi han endra både den enkle handlinga om til ein kortfilm og tok i bruk ein rekke verkemiddel. Musikkvideoen blei rett og slett om til ein ekte triller! Bare eit år seinare går musikkvideoen nok ein gong gjennom store forandringar, dette grunna A-ha med Take On Me, med bruk av "live action" og animasjon på ein heilt ny måte. A-ha oppnåde stor internasjonal suksess og vann ein rekke prisar, noko musikkvideoen Take On Me bidrog med.
1990: Endå eit eksempel på korleis musikkvideoen hjulpet band med å slå gjennom, er Nirvana som slo igjennom på 1990-tallet med sin song og musikkvideo Smells Like Teen Spirit. Kombinasjonen av god musikk og såkalla underdogs som får suksess, tok verden med storm. Eit år seinare, 1992, starta MTV å gi oppmerksomhet til regissørane bak musikkvideoane. Dette gjor dei gjennom program som Making the video (Eit TV-program om korleis musikkvideoane blei laga) og med årlege prisutdelingar.
Frå år 2000: Frå år 2000 og vidare har musikkvideoane byrja å bli meir og meir utfordrande, med sex, dop og pengar. Dette fekk Björk, ein islandsk artist, mykje peppar for. Musikkvideoen hennar Pagan Poetry innehaldt bruk av seksuelle bilete og kroppspiercingar, noko ein god del ikkje var klar for å sjå på TV. Ein anna artist kjent for dette, er Marilyn Manson. Også i denne tidsepoken fortsette teknologien å nå nye høgder, då den første 3D musikkvideoen vart lansert i 2008, av Dave Mayers og Missy Elliot.
Musikkvideoen (trykk for å åpne i eit nytt vindu!) er henta frå Foo Fighters sin offisielle profil på youtube.
Teksten til Foo Fighters - The Pretender Keep you in the dark You know they all pretend Keep you in the dark And so it all began
Send in your skeletons Sing as their bones come marching in... again They need you buried deep The secrets that you keep are at the ready Are you ready? I'm finished making sense Done pleading ignorance That whole... defense
Spinning infinity, boy The wheel is spinning me It's never-ending, never-ending Same old story
What if I say I'm not like the others? What if I say I'm not just another one of your plays You're the pretender What if I say I will never surrender?
What if I say I'm not like the others? What if I say I'm not just another one of your plays You're the pretender What if I say that I'll never surrender?
In time or so I'm told I'm just another soul for sale... oh, well The page is out of print We are not permanent We're temporary, temporary Same old story
What if I say I'm not like the others? What if I say I'm not just another one of your plays You're the pretender What if I say that I'll never surrender?
What if I say I'm not like the others? What if I say I'm not just another one of your plays You're the pretender What if I say I will never surrender?
I'm the voice inside your head You refuse to hear I'm the face that you have to face Mirrored in your stare I'm what's left, I'm what's right I'm the enemy I'm the hand that will take you down Bring you to your knees
So who are you? Yeah, who are you? Yeah, who are you? Yeah, who are you?
Keep you in the dark You know they all pretend
What if I say I'm not like the others? What if I say I'm not just another one of your plays You're the pretender What if I say that I'll never surrender?
What if I say I'm not like the others? What if I say I'm not just another one of your plays You're the pretender What if I say that I'll never surrender?
What if I say I'm not like the others? (Keep you in the dark) What if I say I'm not just another one of your plays (You know they all... pretend) You're the pretender What if I say I will never surrender?
What if I say I'm not like the others? (Keep you in the dark) What if I say I'm not just another one of your plays (You know they all... pretend) You're the pretender What if I say I will never surrender?
So who are you? Yeah, who are you? Yeah, who are you?
Foo Fighters I 2005 kom bandet Foo Fighters med suksessalbumet "In Your Honor", som tok publikum med storm. Etter ei toåring pause, var bandet klar med eit nytt album, "Echoes and Silence, Patience and Grace". Det var klart at publikum vart atter ein gong positive til dei nye songane. Dermed klatra den første singelen, The Pretender, lang oppover hitlistene. Foo Fighters består av fire medlemmer. Dette er Dave Grohl på vokalist, Taylor Hawkins på trommer, Nate Mendell på bass og Chris Shiflett på gitar. Dei er frå USA, men har ved mange anledningar reist til Noreg på turné. Dette skjedde seinast i juni 2008.
Den første singelen og musikkvideoen frå "Echoes and Silence, Patience and Grace", er "The Pretender". Regissøren til denne musikkvideoen, er britiske Sam Brown og musikkvideoen blei gitt ut i år 2007.
Ei kjapp analyse av songen The Pretender Første vers gir eit hint om vidare meining i songen: "Keep ou in the dark you know they all pretend" Dette kan ein lese til at der er nokon som ikkje er interessert i å opplyse, men heller å spele ei rolle for eiga vinning. Vidare ser ein at denne personen/personane som står bak songen, fortel at "nok er nok!" Men så kjem ei endring, og refrenget går som følgjer "What if I say I'm not like the others / What if I say I'm not just another one of your plays / You're the pretender / What if I say I will never surrender." Med dette høyrast det nesten ut som at han/ho/dei bak songen vil utfordra nokon med makt, og vil vise at andre går kanskje på dette spillet, men det gjer nok ikkje alle! Dette vil vedkommande minne både seg sjølv, denne "fienden med makt" og andre på. Han/ho/dei fortel at ein kan ikkje bare tenkje på seg sjølv, men også andre. Til slutt kjem eit ultimatum, kven er du, den som seier ifrå eller den som brukar makt på feil måte?
Rundt den tida då albumet vart spelt inn, kasta frontvokalist Dave Grohl seg på presidentkampanje-bølgja. Han ga klart uttrykk for at det var på tide med ein ny president, noko som kan ha satt sitt spor i musikken til Foo Fighters. I den perioda var det George W. Bush som var president, og han har vorte blitt sett på som den minst populære presidenten til USA. Det er dermed ikkje vanskeleg å sjå at The Pretender er lett å koble saman med presidenten til USA.
Musikkvideoen Musikkvideoen tar plass i noko som liknar på eit lagerhus, med gulvplass til bandet og lys. Der er ein raud vegg bak bandet og eit kvit gulv i sentrum. Rundt dette kvite gulvet er det mørkt. Lyset blir slått på og vokalisten, Dave Grohl, entrar scena. Han surrar ein bandasje rundt armen, noko som symbolisere ein kamp som seinare vil oppstå, i følgje regissøren. Vokalisten byrjar å syngje, og resten av bandet tar sin plass på gulvet. Kameraet blir ført mot bandmedlemmane i det songen tar seg opp, for å vise at livet i songen byrjar. Etter kvart kjem opprørspolitiet inn, og litt etter litt blir dei ein større del av filmen. Det begynner med ein politimann, men deretter kjem det fleire og fleire. Refrenget i songen kjem, og opprørspolitiet stiller seg på rekkje, klar til å gå til angrep mot utsegna til bandet. I det "Keep you in the dark you know they all pretend" syngjast, spring opprørspolitiet mot bandet. Og i det refrenget byrjar igjen, sprengast den raude veggen der raudt vatn fossar ut. Dette resulterer då med at opprørspolitiet taper kampen mot Foo Fighters. Musikkvideoen blir roligare og det heile endar med at vokalisten kaster gitaren i bakken, sliten og søkkvåt.
Kombinasjonen av video og musikk: Det er klart at det er ein samanheng mellom musikken og musikkvideoen. Dette ser ein først og fremst ved at frontfiguren i bandet er i ein konfrontasjon med noko større enn han, akkurat som songen fortel. Som nemnt tidlegare, har Dave Grohl lenge uttalt si bekymring over George W Bush som president. I denne songen prøver bandet å åtvare publikum, ein må ha forandring for at det skal bli betre. "Det er på tide med ein ny president. Alle utanom George W Bush vil vere ei forbetring!" har vokalisten uttrykt. Gjennom songen fortel dei at regjeringa kan forsette med leikinga si, om ingen tør å seie i frå og gjere noko for å stoppe dette. Ein ser også at opprørspolitiet beskyttar seg med både masker og klede, medan badet står kledd i vanlege kleder. Med dette prøver regissøren å vise kor godt rusta staten eigentleg er, men at ein skal ikkje gi opp fordi om. Stemma di kan vere nok til å gjere forandringar. Til slutt spør dei lyttarane "So who are you?" Med dette meiner dei at det er nå det gjelder. Kven er du eigentleg? Den som følgjer straumen eller den som opnar auga, lyttar til hjertet og tørr å stå for eigne meiningar?
Symbolisme: Som nemnt tidlegare, er bandasjen som Dave Grohl surra rundt handa, eit symbol på ein kamp som skal oppstå. Deretter kjem kampen mot opprørspolitiet. Opprørspolitiet blir her brukt for å symbolisere staten. Dette kan ein sjå ved at i sangen syng bandet om ein kamp mot noko større, som blir vist i størrelsen av politiet. Dei er godt rusta og er klar til kamp. For å vise den sterke kampen mot kverandre, blir hovudet til Dave Grohl filma med ein raud bakgrunn i det han syngje "'I'm the enemy". Raudt blir ofte kobla saman med mot, aggresjon, krig og nød, men kan også vise til revolusjon og kamp. Det blir også brukt kontrastar med at lyden blir svakare i det opprørspolitiet startar å springe, men tar seg opp igjen når den raude veggen sprengast. Ein ser også at opprørspolitet går svart kledd med ein svart bakgrunn, som kan vise til at dei vil halde deg uvitande, og ikkje opplyse folk på rett måte.
Verkemiddel: Det er tydeleg at denne regissøren er glad i bruk av brå klipping kombinert med langsamt tempo. Brown (regissøren) er også hyppig på bruken av lys som verkemiddel. Dette ser en ved at lyset blir skrudd på i det bandet entrar scena og måten han stiller opprørspolitiet i mørket. Dette kan vise til at bandet er interessert i å opplyse mottakaren og meinar at staten ikkje gjer dette på rett måte. Ved byrjinga får vi sjå videoen ved eit ultratotalt bilete, slik at vi får ei oversikt over settinga. Deretter ser ein eit ultratotalt bilete av Dave Grohl som tar på seg ein bandasje. Dette gjer at handlinga blir meir verknadsfult. Dette blir det også brukt mykje av når kampen mellom bandet og opprørspolitiet er komt i gang. Dette kan vise til at ved konfrontasjonar kan det vere vanskeleg å sjå ting klart. For å vise forholdet mellom opprørspolitiet og bandet, blir det brukt totale bilete, halvtotale biletutsnitt og fugleperspektiv. Når spenningskurva har nådd toppen, tar Brown i bruk eit langsamt tempo kombinert med eit raskt klippetempo. Dette gir både eit vakkert inntrykk og ein følelse av å måtte halde pusten i spenning. Klipperytma blir tatt til det ekstreme, og det raude vatnet som sprutar omringar alt. Det er ikkje før mot slutten når bandet har "sagt si meining," kjempa sin kamp og vunne at ein kan slappe av igjen. Dave Grohl knusar gitaren sin (som rockestjerner som oftast gjer) og viser at nok er nok, deretter blir tempoet normalt att og går til eit langsamt tempo.
Mi meining: Spenninga i musikkvideoen første gong ein ser den, er utruleg. Musikkvideoen og songen er bygd opp akkurat slik eg likar det: Ei forsiktig byrjing med ein kraftig spenningskurve! Det er ikkje til å stikkje under ein stol at det er ein forståeleg video. Dette gjer også at fleire vil ha glede av musikkvideoen og kva den står for. Med dette meinar eg at det er ein kreativ og god musikkkvideo. Det er tydeleg at Sam Brown (regissøren) har fanga essensen i songen og formidla dette vidare på ein eksemplarisk måte!
I tilfelle musikkvideoen blir fjerna frå www.youtube.com, legg eg ved ei lenkje som viser til musikkvideoen på Foo Fighters si eiga heimeside: http://www.foofighters.com/media/?s=media
Musikkvideoen (trykk her for å sjå musikkvideoen i eit nytt vindu!) var ikkje å finne på www.youtube.com, og dermed legg eg ved ei lenkje der musikkvideoen deira ligg. Denne her henta frå den offisielle heimesida til Queens Of The Stone Age.
Teksten til Queens Of The Stone Age - No One Knows: We get some rules to follow That and this These and those No one knows
We get these pills to swallow How they stick In your throat Tastes like gold
Oh, what you do to me No one knows
And I realize you're mine Indeed a fool am I And I realize you're mine Indeed a fool am I Ahh
I journey through the desert Of the mind With no hope I found low
I drift along the ocean Dead lifeboats in the sun And come undone
Pleasently caving in I come undone
And I realize you're mine Indeed a fool am I And I realize you're mine Indeed a fool am I Ahhh
Heaven smiles above me What a gift here below But no one knows
The gift that you give to me No one knows
Queens Of The Stone Age Queens Of The Stone Agevart danna i 1997 i California, USA. Grunnleggaren var Josh Homme. Han er det einaste gjenværande medlemmet sida den tid, då gruppa har hatt åtte medlemmer som anten har slutta eller blitt kasta ut. Per dags dato består bandet av Josh Homme som vokalist og gitarist, Michael Schuman på bass, Troy Can Leeuwen på gitar og Keyboard, Dean Fertita på keyboard og gitar, i tillegg til Joey Castillo på trommer. Gruppa er blitt kalla "Stoner-Rock", som kan vise til at rocken er inspirert eller har ein samanheng med narkotika eller steinalderen. (Sjølv om bandet sjølv avviser dette.) I 2002 leverte bandet sitt tredje album Songs for the Deaf, med megahiten No One Knows. Det var nå bandet verkeleg slo i gjennom. Musikkvideoen til No One Knows blei regissert av Dean Karr og Michael Gondry.
Ei kjapp analyse av songen No One Knows Denne songen går i gjennom ulike fasar. Ein kan lese det som at personen ikkje heilt vil fortelje kva songen handlar om, og heller vil prate i kodar. Ut i songen kjem små hint om kva dette eigentleg kan handle om, men det er klart at det er eit forhold prega av opp og nedturar. Eg har valt å lese det til at det er eit hat-elsk kjærleik til dop. Dette fordi det blir fortalt at det er ein pris å betale (You get these pills to swollow) men ingen veit korleis dette kjennast ut for denne personen (no one knows). Vidare ser ein at avhengigheita tar over, og denne personar viser eit anger over kontrollen rusmiddelet har (And I realize you're mine / Indeed a fool am I). Så kjem ei periode prega av abstinensar, der ein ikkje ser noko håp (Dead lifeboats in the sun) . Og så snart personen får tak i dop igjen, blir følelsen av rus så god og avslappande i forhold til den vanskelige perioden. Dermed går personen i ein vond sirkel, men ingen kan og ingen vil vite kva dette vil seie for han/ho.
Musikkvideoen: Denne musikkvideoen er delt inn i to: ein del der bandet speler med mørk bakgrunn, og ein anna del som fortel ei handling. Det byrjar med at bandet kjører i ein raud bil på veg til eit sted på kveldstid. Brått kjører dei i ein hjort, og går ut for å sjekke korleis det går med denne hjorten. Så snur musikkvideoen frå normal til sprøtt, då hjorten voknar til live igjen og slår til bandmedlemma. Deretter har hjorten knytt dei fast i bilen og kjørar vidare. Det er tydleg at hjorten ikkje er ein stødig og trygg sjåfør, med tanke på at han held på å kjøre i både ei gruppe speiderar og eit bordell. Hjorten kjørar vidare til han kjem til eit hus med ein hage fylt av hagenissar med ein falsk hjort midt i. Bankane hjerter dukkar opp og hanhjorten er blitt forelska i denne falske hjorten. Deretter endar musikkvideoen med at hjortane ligg i senga med hjerter rundt seg, medan Queens Of The Stone Age sine hovuder heng på suvernirplankar (plankar ein vanlegvis heng utstoppa elghovuder på.) Mellom denne historia kjem då den andre delen inn i musikkvideoen og viser bandet med mørk bakgrunn og skiftande lysfarga skygge rundt dei.
Kombinasjonen av musikk og video: Denne songen har mykje symbol, men ein får ikkje noko spesifikt svar på kva dei kan bety. Eg har valt å tru at denne songen handlar om eit hat-elsk forhold til rusmiddel, forkledd til å tru at det handlar om eit kjærleiksforhold mellom to menneskjer. I byrjinga fortel dei at det er reglar ein må følgje, og at der er ein pris å betale for dop og rus, men tilbake vil man få følelsen av gull, nemleg rusfølelsen. Vidare kan ein sjå at personen byrjar å angre, fordi avhengigheten tar meir kontroll og at han blir ein tulling fordi han må ha rusen. Deretter kjem kva ein kan sjå som abstinenser, der det ikkjer ser ut som at der er noko håp eller glede. Lengselen etter narkotika blir bare større, og han forstår ikkje korleis han skal klare seg utan dop. Så gir han inn igjen, og får tak i rusen, og den gode følelsen er atter ein gong tilbake. Gjennom heile songen kjem utsagnet "no one knows." Dette kan referer til at det er ingen som veit korleis situasjonen kan kjennast som for personen som songen handlar om, og kva han går igjennom, for det finst bare ein av han. Dessutan er bruken av narkotika noko ein ikkje vanlegvis kan fortelje offentleg utan å bli dømt eller satt i bås. Over til kombinasjonen med musikkvideo, blir det uklart. Det kan tolkast som at ein må betale ein pris, og som uttrykkjet seier: "What goes around, comes around." Dette viser til at bandet gjorde ei handling, å kjøyrte over ein hjort, og deretter måtte bøte for dette ved å bli behandla som hjortar vanlegvis blir behandla. Med tanke på musikken, kan ein sjå musikkvideoen som to ulike verdenar. Det blir ofte brukt sterke fargeskilnadar når ein vil skifte frå draum til røyndom, noko ein kan sjå i dei klare skilnadane når bandet speler og når handlinga skjer. Det kan sjåast ut som at handlinga er ei slags psykose, mest sannsynleg på grunn av rus. Handlinga i musikkvideoen er urealistisk, men samtidig virkar det som at det er nokon som verkeleg opplever virkelegheta på denne måten. Det virkar som at regissørane har valgt å vise bivirkningar av rus, nemmelig psykose. Ein kan sjå at hjorten viser kjærleiken til rusen då han forelskar seg i ein falsk hjort, og at sjølve psykosa viser hat-delen av hat-elsk-forholdet til rusen.
Symbolisme: Dean Karr og Michael Gondry har nok ikkje brukt store mengder av symbol i musikkvideoen, men har heller fått fram bodskapet ved god bruk av verkemiddel som klipperytme og kameravinkel. Men nokre symbol fann eg: Den falske hjorten i slutten kan vise til at gleden over rusen er ikkje det ein ser på som ekte glede. Det kan tilfredsstille behov der og då, men i lengda vil det ikkje vere ekte kjærleik. Den ekte hjorten og handlinga rundt hjorten kan, som sagt tidlegare, vise til "what goes around, comes around."
Verkemiddel: Desse to musikkvideoane tar I bruk ein rekke ulike verkemiddel for å få fram sitt bodskap. Ein kan byrja med å nemne bruken av farge, der dei har skilt to "verkelegheiter" i to. Det ironiske er at den handlinga som viser "ekte" handling, later til å vere ei form for psykose, medan den handlinga som virker tillaga og iscenesatt, er meir realistisk. For å overbevise mottakaren om at handlinga er ekte, tar regissørane i bruk handhaldt kamera, slik at vi får ein følelse av å vere med i handlinga. Dette blir spesielt brukt då anten bandet eller hjorten kjører bilen. Dessutan blir lyset frå bilen brukt til å lyse opp omgivnaden, enda ei understreking på at dette er sanninga. Det blir ofte veksla mellom ulike vinklar, som ultratotalt bilete, ultranært bilete, totale bilete, halvtotale bilete og halvnære biletutsnitt. Når bandet spelar med svart bakgrunn, blir det brukt halvnære biletutsnitt og ultranært bilete, for både å vise samspelet mellom personane og for å få dei minste bevegelsane verknadsfulle. Det sistnemnde ser ein også blir brukt når hjorten vaknar til live att. Etter at hjorten har tatt kontroll over kjøretøyet, blir det brukt ultratotalt bilete og fugleperspektiv. Dermed får ein ei større oversikt over kva som skjer og kva som kan skje. (Spesielt da hjorten kjører i retning mot speidergutane.) Her blir det også tatt i bruk ei høg klipperytme. Dermed blir intensiteten høgre og spenninga tar seg opp. Nå ser ein verkeleg kor skummel denne hjorten er. Men hjorten finn kjærleiken, og det blir brukt eit langsamt tempo, fordi dette gir eit harmonisk og vakkert bilete.
Mi meining: For å like denne musikkvideoen, trur eg at ein må ha ein litt spesiell smak. Det er vel dermed ikkje noko overrasking at eg tykkjer den er kjempebra, i alle fall i forhold til kunstnarisk uttrykkelse. Men på den andre sida er det utruleg tidkrevande og vanskeleg å verkeleg få eit godt fotfeste i kva musikkvideoen eigentleg prøver å fortelje og korleis dette passar saman med songen. Kort oppsummert vil denne musikkvideoen ligge midt på treet. Kunstnarisk er det ikkje noko i vegen med den, men i forhold til samanheng mellom musikk og video kan det bli ein smule vagt og forvirrande til tider.
Så, kan rockevideoen bli lesen som litteratur? Ja, sjølvsagt! Rock har ofte blitt eit synonym til "sex, drugs and rock'n'roll", men ved å sette av litt tid til både songen og musikkvideoen, kan ein sjå at der ligg mykje bak orda og handlingane. Der finst sjølvsagt rockevideoar utan sans og meining. På den andre sida føler eg at eg har vist at der ligg mykje historie i dei døma eg har kome med. Foo Fighters fortalte si meining om politikk i songen The Pretender, og Queens Of The Stone Age fortalte om både positive og negative sider med rus i songen/musikkvideoen No One Knows. (Ut frå mine auger, i alle fall.)
Det eg vart mest overraska over når eg jobba med dette, er kor mykje ein eigentleg må settje seg inn i for å forstå musikkvideoen til det fulle. For det første måtte eg sjølvsagt sjå nøye og ofte på videoen, men dette var ikkje nok! I tillegg til dette, måtte eg vite meir om bandet, verkemiddel og oppbygginging av videoar, og sjølvsagt kva sjølve songen handla om! På to musikkvideoar som varar i rundt 4 minutt, arbeida eg med i timesvis! Dette viser jo at musikkvideoen ikkje bare vil vise eit bodskap, men at det også er eit viktig element i marknadsføring av band.
Dette arbeidet har ikkje bare lært meg om tolkning av videoar, men også adaptasjon, verkemiddel i videoar og meir om rocken og musikkvideoen sin historie. Alt dette tykjer eg er spennandes, og det har minna meg på å jobbe hardare med studier slik at eg ein dag kan gjere dette kvar dag!